Oppgåver om Nord Korea knytta til mediepolitikk:
1. Lag med egne ord definisjoner av begrepene ytringsfrihet og propaganda.
2. Skriv utfyllende hva som kjennetegner Nord-Koreas mediepolitikk. Bruk eksemplene over aktivt. Vis gjerne til andre eksempler.
3. Diskuter hvordan vi i en medieglobalisert verden kan bidra til å legge grunnlag for endringer av denne typen regimer.
Bilete av Kim il Sung, far til den noverande leiaren Kim Jong-il
http://www.flickr.com/photos/mytripsmypics/2883856165/
Oppgåve 1:
Mediepolitikk: Er den politikken som skal regulere og kontrollere media. Statlege kringkastarar som BBC og NRK er viktige delar av ein mediepolitikk. Mediepolitikken i form av medietilsynet og pressestøtta skal vera med å kontrollera og regulere at ytringsfridomen ikkje vert krenka og at alle syns skal ha moglegheit for å bli høyrde i det offentlege. Korleis mediepolitikken i ein stat er blir avgjort av styreform og medieideologi, til dømes er pressa statens reiskap i eit diktatur medan dei skal kontrollera staten i eit demokrati..
Ytringsfridom: Fridomen til å utrykke sine meiningar i tale og trykt form. For at ein skal kunne ha eit velfungerandes demokrati er det viktig at ytringsfridomen ikkje er krenka. Som eit døme på korleis ytringsfridom kan verke kan ein trekke fram eit eksempel frå menneskerettskonferansen i Geneve denne månaden. Der gikk Irans president Mahmoud Ahmadinejad på talarstolen å kalla Israel rasistar, noko som fekk mange land til å forlate salen. Noregs utanriksministar Jonas Gahr Støre valde å bli sittande, for so å gå på talarstolen å si følgjande: “Jeg synes du har rett til å si det du sier, men jeg er dypt uenig med deg.”
Propaganda: Er einsidig framføring av informasjon og er ofte knytt til politikk. Propaganda og reklame er omlag det same men propaganda knyttar seg som sagt til politikk og/eller religion. I tida før andre verdskrigen var det ikkje noko negativt lada ved dette ordet, men Goebells og resten av det tredje riket endra litt på denne oppfatninga.
Oppgåve 2:
Nord Korea har ved fleire høver vorte karakterisert som verdas mest kontrollerte og lukka regime. Innbyggjarane har berre tilgang til einsretta og sensurert informasjon og det er vanskeleg for utanlandske journalistar og komme seg inn.
I slutten av Mars 2009 og ni blei to amerikanske soldatar tekne til fange og sett i varetekt av Nord Koreanske myndigheiter. Desse journalistane jobba på grensa mellom Kina og Nord Korea for å dekke forholda hos dei Nord Koreanske flyktningane, du kan lese meir om saka her: http://www.rsf.org/article.php3?id_article=30689
Reporters without borders har ved fleire høver kritisert Nord Korea sin mediepolitikk og i deira årlege rapport frå 2008 var Nord Korea heilt på topp når det gjaldt kontroll og restriksjonar. Media i Nord Korea tek sikte på å framheve dei gode sidene ved regimet og er einsidig positive i si framstilling av Kim Jong-il og resten av regimet. Nord Korea forbyr all kritikk av regimet både frå inn -og utland og dersom slik kritikk finn stad blir dei/den straffa. Av rapporten kjem det fram at det er små mengder utanlandske journalistar som kjem i inn i landet og verdssamfunnet veit difor veldig lite om kva som skjer der.
http://www.rsf.org/article.php3?id_article=25675
Denne typen kontroll og regulering av media er i tråd med den autoritære og sovjettotalitære medieideologien. Desse medieideologiane har vore sentrale i kommuniststatar og eittpartistatar opp gjennom historia. Den autoritære ideologien som har bakgrunn i dei kongelege einevelda legg til grunn at media skal einsidig støtte makthavarane og staten og vera staten sitt middel ut mot folket.
Aschehoug: Mediemøter 2: Asbjørnsen m.fl: 2007
Som eit bevis på kor stor makt leiarane i Nord Korea har kan ein sjå på rakettoppskytinga som nyleg fann stad. Frå Sør Koreansk hold vert det bekrefta at raketten hadde med seg ein satellitt som skal sende ut revolusjonære sangar om Kim Jong-il og faren Kim Il-Sung
http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=541140
Flagget til dette vetle og isolerte landet i Asia, som spelar ei stor rolle i verdsbiletet.
http://www.flickr.com/photos/mytripsmypics/2872273030/
Oppgåve 3:
I ei medieglobalisert verd vil det vera viktig å jobbe mot å fjerne slike regime. Marknadskreftene saman med dei politiske organa må inn og legge krav/restriksjonar ovanfor makthavarane i Nord Korea. Det er alltid vanskeleg å setje krav ovanfor statar som er så lukka i forhold til resten av verda og tovegsinformasjon og diskusjon er viktig for å få til ei løysing som kan fungere for alle partar. Frå nyare tid kjenner vi slike pressformer frå tida etter Kina vart tildelt OL. Då brukte verdssamfunnet OL mot Kina for å presse dei til å handle i tråd med ulike rettar. Overgrepa mot Burma og Tibet kom på bana og den strenge reguleringa av internett.
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=172833
http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article2251836.ece
Eit land som ikkje er knytt til resten av den globaliserte verda fell utanfor på mange områder i samfunnet. Ei slik utvikling er med på å forsterke dei store skilnadene som er mellom regime med låg levestandar og dei vestlege demokratia.
Stikkord: Mediepolitikk, Nord Korea, Propaganda
mai 26, 2009 ved 12:07 pm |
[...] Panzertommy’s Blog Just another WordPress.com weblog « Oppgåver om mediepolitikk og Nord Korea [...]