Innlegg om digital tv.
Mange meinar mykje om korleis framtida vår vil sjå ut, dette gjeld også gjeld TV`n sin framtid. Korleis skal det eigentleg gå med NRK, skal vi ha ein lisensfinansiert statskanal som stadig tapar sjåarar i kamp mot dei reklamefinansierte kanalane?
Per dags dato ser folk mykje TV, meir enn dei nokon gong har gjort og lite tyder vel på at dette skal endre seg over natta.
Digitaliseringa har ført til eit mykje større utval av kanalar og andrekanalar (jmf. TV2 zebra,sport,filmkanalen,nyheitskanalen) og på denne måten får folk kjennskap til program dei tidlegare ikkje har hatt moglegheit til.
Når ein ser på utviklinga til programkonsepta tyder mykje på att store delar av det eg vil kalla Dagsorden-TV, vert bytta ut med humor og ting som trekkjer folk til TV`n. Dette ser ein og når NRK i starten av 2008 tapar store delar av marknadsandelen til andre kanalar, TV2. Særleg dei unge vel andre kanalar enn NRK og mange meiner dette er ein konsekvens av programkonsepta til NRK i forhold til dei andre. Kanalane gjennomfører store kampanjar på nokre av programma sine og nyttar desse til å skape knaggar i folk sin mediekvardag og på denne måten bind dei sjåarane for heile kveldar.
For unge mennesker er tv ein veldig viktig del av kvardagen og mange nyttar store delar av tida til å diskutere kva dei ser på tv. Som nemnt ovanfor fører digitaliseringa med seg eit breiare programtilfang i folk sin kvardag og ein får med seg større delar verdsbiletet.
Nettet, vil nok føre til store endringar.
Dei fleste har no tilgang på breiband og med tida vil nok dei fleste nordmenn koble datan til TV`n og hente program/sendingar ved hjelp av web-tv. Men TV`n vil nok også i framtida være det sentrale TV-mediet i Norge.
-Tommy Aarethun-
mai 26, 2009 ved 12:08 pm |
[...] TV-utviklinga: http://panzertommy.wordpress.com/2009/01/05/tv-utviklinga/ [...]