Hei:)
Eshowe er ein region i Sør-Afrika, som er vennskapsstad med Sogndal. I år har elevrådet og leiinga vald å skifte ut OD-dagen med Internasjonal dag og aksjonsdag for Eshowe. Medieklassen fekk i oppgåve å informere/engasjere resten av skulen. For å løyse dette sette me ned ulike arbeidsgrupper, t-skjorter, sjefar, organisatorar, plakatgruppe, power-point gruppe og foredragsgruppe. Me hadde dårleg tid og difor var organiseringa svært viktig og sjefane gjorde ein god jobb for å halde progresjonen oppe.
Informeringsdelen:
Klassen blei delt opp i par på 2 og 2, som saman drog rundt på skulen for å halde foredrag. Foredrag og power-point blei delt ut og Roger og Karoline sendte oss rundt. Desverre har nokre av elevane gjort ein litt for dårleg jobb og droppa nokre av klassane.
Sjølv var eg på påbygg og der møtte me på problem, mangel på videokanon. Dette løyste me med å sende rundt nokre flyers og datamaskina som vi hadde med oss.
Å få ei slek oppgåve frå administrasjonen gjev faget litt meir meining, ein føler at det ein gjer har ein hensikt.
Dersom ein skal analysere prosjektet i ettertid burde vi nok hatt litt betre tid og samkjøyrd gruppa enno meir enn det vi gjorde. Eg trur det er lurt at klassane får slike oppdrag då desse gjev elevane ei kjensle av verkeleg å bidra med det arbeidet ein gjer.
Her kan du sjå korleis presentasjonen vår var:
http://docs.google.com/Present?docid=ddkqsn7w_25g747rrf9&skipauth=true
Under ser du ein av dei mange ungane som har fått ei hjelpande hånd frå gjengen på Leikanger.
Gruppa frå Leikanger har ført opp ein flott barnehage
Tommy Aarethun
3STA/3MIK
Stikkord: Eshowe, Internasjonal dag, Kampanje, Sør-Afrika, Sogndal VGS

mai 26, 2009 ved 12:08 pm |
[...] Internasjonal dag, Informasjonskampanje: http://panzertommy.wordpress.com/2008/10/21/internasjonal-dag-informasjonskampanje/ [...]